Tokke kyrkjelege fellesråd > Kyrkjene > Artikler > Artikkeldetaljer


Diakoniprisen 2026


Oscar J. Garnes fekk Diakoniprisen for Vest Telemark 2026.

 

DIAKONIPRISEN FOR VEST TELEMARK  2026 TIL OSCAR J. GARNES

Diakoniprisen for Vest‑Telemark 2026 blei delt ut under Diakonisamlinga i Kviteseid sundag 12. april 2026.

Prisen heidrar langvarig og tydeleg innsats for diakoni i regionen, og i år peikar Diakonatet på ein person som har sett djupe spor i både fagleg utvikling og lokalt arbeid for å sikre ei god diakonteneste i Vest-Telemark..

Gjennom eit langt og målretta engasjement har Oscar J. Garnes (78 ) vore ein sentral drivkraft for diakonien i Vest‑Telemark. Som styreleiar i Diakonatet i Vest‑Telemark i tretti år arbeidde han for å etablere og styrkje prostidiakonstillingar, fremje fagleg utvikling og synleggjere modellen for diakoni i grisgrendte strok. Rapporten «Prøveprosjektet for diakoni i Vest‑Telemark», som Garnes utarbeidde, var eitt viktig grunnlagsdokument for få til landets første prostidiakonstilling i 1985.

Diakoniprisen har sidan 1994 løfta fram eit mangfald av aktørar og tiltak som viser diakoniens mange sider — frå nattkaféer og ungdomsarbeid til hjelpearbeid og fengselsteneste. Prisen skal minne om både den stille trøysta og den aktive kampen for rettferd som ligg i diakonal arbeid.

Utdelinga under Diakonisamlinga blei eit godt høve for å feire Garnes sin innsats innan diakoni, og peikar på at også leiing og utviklingsarbeid, er ein viktig del av det diakonale arbeidet.

Prisen vart delt ut av noverande styreleiar i Diakonatet prost Asgeir Sele ( tv), og vart følgd av lang applaus.

 


Tidlegare Diakoniprisvinnarar 
1994: Gotfred Rekkebo (post mortem), Nissedal 
1995: Vest-Telemark Blad, Kviteseid 
1996: Kirkens SOS i Telemark, 
1997: Nattcaféen i Treungen, Nissedal 
1998: Anna Midtgård, Kviteseid
1999: Kari Veum, Nissedal
2000: Bjørn Hove, Møsstrond, Vinje 
2001: Kirsti og Magne Skjæveland, Kviteseid
2002: Diakonitenesta for skogsleiren i Fyresdal, Fyresdal 
2003: KFUM-speidarane i Vinje og Edland, Vinje 
2004: Waldenstrøm Kafe, Kviteseid 
2005: Oddvar Ripegutu, Søgne
2006: Arthur Haugen, Tokke
2007; ”Ungdom hjelper ungdom.” Kvitsund-prosjekt som driv ungdomsklubbar i Vest-Telemark, Kviteseid
2008: Leif og Signe Sølyst, Fyresdal
2009: Tusen Stjerner, Tokke
2010 Else Ibrekk, Kviteseid 
2011 Martha Tveit, Nissedal
2012 Gunstein Seltveit, Tokke   
2013. Kari Bjåen, Vinje 
2014 Bønefelleskapet i Rauland, Vinje 
2015 Kjell Lindheim, Kviteseid 
2016 Gudny Lid Unhjem, Vinje 
2017 Inger Johanne Aaheim, Nissedal 
2018 Kakeringen, Vinje 
2019 Tilsette og innsette i Arendal fengsel avdeling Kleivgrend , Fyresdal 
2020: Kvendelaget i Åmot, eit økumenisk- diakonal tiltak som driv hjelpearbeid i Aust- Europa 
2021: Yngres i Vrådal, Kviteseid 
2022 Liv Kjellfrid Lia, Nissedal 
2023: No Boots, Kviteseid 

2024: Krosslimusikken

2025:  Per Emanuelsen

2026: Oscar J. Garnes

 

Tilbake