Mo barnekantori og Den norske kyrkja inviterer born frå 1.-7. klasse til adventssamlingar i Mo. Det blir korsong, kveldsmat og joleverkstad!
Tid:
tysdag 1.desember
torsdag 10. desember
torsdag 17.desember
Alle dagane kl. 17.30-19.30.
Oppmøte kvar gong er i Mo kyrkje, der vi tenner ljos i adventsstaken og syng jolesongar. Deretter går vi opp til Mo grendehus, et litt kveldsmat, og har joleverkstad.
Så vonar vi at så mange som mogleg kan vere med SØNDAG 3.JANUAR KL 1700, då bli det musikkgudsteneste i Mo kyrkje, og vi skal synge dei songane vi har øvd på.
Det er gratis å vere med, men vi ber om påmelding for å førebu måltid og aktivitet i joleverkstaden. Påmelding til Ingrid Grøstad Johnson tlf. 90091328.