Frå og med 24. mai er det opna for å ha gudstenester igjen!
Regelen no er maksimalt 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte stolar. (Benkar i kyrkja som er festa i golvet regnes ikkje som fastmontert.) I tillegg kjem avstandskravet på minimum 1 meter frå skulder til skulder frå andre husstandar. Ein husstand er dei man bur saman med i tillegg til kjærastar.
Sjå smittevernvegleiar for Tokke for lokale tilpassingar.
For dåp, vigsel og gravferd gjeld særskilde retningslinjer. Ein kan no ha dåp ved eigen dåpsseremoni. For spørsmål og påmelding ta kontakt med kyrkjekontoret, tlf 350 75 230, eller epost kyrkjekontoret@tokke.kommune.no.
Konfirmasjonsgudstenestene som skulle vore denne våren er gjennomført i september 2020.