Tokke kyrkjelege fellesråd > Kyrkjene > Artikler > Artikkeldetaljer


Konfirmant 2026 - informasjon og påmelding


Velkommen til ei ny konfirmasjonstid!

Alle som er fødd i 2011 inviterast med dette til deltaking i Den norske kyrkja sitt konfirmantopplegg!

Dei som ynskjer å stå som kyrkjelege konfirmantar, må melde seg på to stader:

- Lokalt her i Tokke, via lenke nedanfor. Slik registrerast konfirmanten lokalt her hjå oss. Påmeldinga er open her per 27. mai 2025. 

https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=20ccd065-a576-4cf6-b521-1d8fdff62d58

 

-  Ein må også melde seg på konfirmantopplegget "Ønsket og elsket". Påmeldinga her er enno ikkje opna, men det blir gjeve informasjon når det opnar. "Ønsket og elsket" er ein del av konfirmantopplegget vårt - men det er felles for heile Vest-Telemark, og har eit eige påmeldingssystem. "Ønsket og elsket" arrangerer felles leir, og felles samlingar i Seljord. 

Dei som av ulike årsaker ikkje kan eller vil vere med på konf.leir, har tilbod om å vere pilegrimskonfirmantar i staden. Her møtast ein med ei gruppe konfirmantar frå Vest-Telemark nokre laurdagar, og går ein fin tur i naturen, ofte mot ei kyrkje. (NB - påmeldinga er enno ikkje opna!)

 

Dette er dei to obligatoriske påmeldingane. Så har også alle 9. klassingar i Vest-Telemark eit tilbod om å vere med på ei "opningssamling" som ikkje er obligatorisk, "Konf Kick-off" i Seljord. Denne arrangerast også av "Ønsket og elsket". Her blir det mykje leik og moro, og ein lærer litt om kva konfirmasjonsopplegg går ut på. Det plar vere god oppslutning om dette arrangementet. (NB - påmeldinga er enno ikkje opna!)

Ta berre kontakt med sokneprest  Hallvard Nordbø Jørgensen eller sekretær Tone Solli Lundstad dersom det er spørsmål!
 

Tilbake