Rui-seminaret 2021


Me lever i ei avgjerande tid. Natur- og klimakrisa tvingar oss til å tenkje nytt om vår relasjon til skaparverket. Kyrkja i Tokke, Tokke kommune og Visit Dalen ynskjer difor å invitere til eit verdiseminar på husmannsplassen Rui, på "verdas miljødag" 5. juni.

 

Her på Rui budde dei arbeidsame og nøysame systrene Ingerine og Gurine fram til byrjinga av 60-talet. Dei hadde husdyr og dyrka eigne grønsaker, og var såleis sjølvberga. Vi spør: Kan me trekkje lærdom av samspelet mellom menneske, natur og landskap, som tidlegare utfalda seg her?

Programmet for seminaret:
1100: Friluftsmesse for skaparverket
Kaffi, høve til å sjå Rui-plassen
1200: Opning av program, musikkinnslag
1215: Forteljinga om Rui-systrene
1230: "Store spel" v/forfattar Arne Vinje
1300: Pause
1315: "Grønnere familie" v/forfattar Marie Kleve
1345: Politisk ordskifte om berekraft og framtid
1430: Musikk ved "Bandak band"
1500: Avslutning

Alle er velkomne til å delta. Arrangementet er gratis. Ta med eiga niste og evt. sitjeunderlag. Gjeldande smittevernrestriksjonar vil bli fylgde.

Tilbake