Tokke kyrkjelege fellesråd har ansvar for kyrkjer og gravplassar i kommunen. Det er to sokn, 5 soknekyrkjer, 5 kyrkjegardar, samt ei fjellkyrkje. Kyrkjekontoret held til i kommunehuset på Dalen. Staben består av 6 fellesrådstilsette i tillegg til sokneprest.
Kyrkjegardsarbeidar/ kyrkjetenar
Tokke kyrkjelege fellesråd har ledig 100 % fast stilling som kyrkjegardsarbeider/ kyrkjetenar frå 1. september 2023.
Arbeidsoppgåver, bl.a.:
Kyrkjegardsarbeidar – Stell av kyrkjegardane og uteareala
- Bidra til at gravplassane skal stå fram som ein verdig og god stad for ro og ettertanke.
- Syte for at uteareala er representative og godt vedlikehaldne
- Grasklypping
- Snorydding og strøing etter behov.
- Praktisk tilrettelegging og oppfylging av gravferder og urnenedsetjingar.
- Delta ved graving av graver
- Vedlikehald av utstyrsparken
Kyrkjetenar – arbeid i kyrkja
- Tilsyn, reinhald og vedlikehald av kyrkjer og andre bygg knytt til kyrkjene
- Utføre teneste ved gravferder i ordinær arbeidstid
- Utføre teneste ved gudstenester, vigslar, konsertar og andre arrangement
- Vere med på stabsmøte og delta i stabsarbeidet
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar
- Allsidig og nevenyttig
- Gjerne har eit fagbrev innan handverksfag (snekkar)
- Gode språkkunnskapar, både skriftleg og munnelg
- Førarkort klasse C1 (evt villig til å ta det)
- Erfaring med mindre gravutstyr
- Sjølvstendig og strukturert
- Ansvarsfull og opptatt av service og orden
Løn og tilsetjingsvilkår er heimla i KA sin tariff. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Det vert lagd stor vekt på personlege eigenskapar. Pensjonsordning gjennom KLP. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Tilsetjing og arbeidsvilkår etter lover, reglement og tariffavtale. Søkjarlista er offentleg, og opplysningar kan gjerast offentlege, jf. offentleglova § 25
Spørsmål om stillinga kan rettast til kyrkjeverje Jon Inge Nordbø, tlf. 901 61 671 eller leiar av fellesrådet Gunnar Øverland, tlf. 971 01 830.
Søknad med CV og referansar sendast til Tokke kyrkjelege fellesråd, Storvegen 60, 3880 Dalen, eller på e-post kyrkjekontoret@tokke.kommune.no.
Søknadsfrist 10. april 2023