For å sjekke når det er dåp, må du klikke på "Førespurnad om dåp". Dei dagane det er dåp vil kome opp når du søkar etter dato. Dersom ingen av tidspunkta høver, så ta kontakt med oss på kyrkjekontoret, så finn vi ei ordning.
For å starte utfyllinga trengs et 11-sifra fødselsnummer. Om de ikkje har barnets fødselsnummer, kan de nytte dykkar eige. De vil mottake ein kode på sms for å gå vidare i prosessen. Velg kyrkje og dato der det er ledig plass.
I fyrste omgang er det nok å fylle ut navn på barnet og kontaktinformasjon til de foreldre. Har de ennå ikkje bestemt navn på barnet, kan de likevel sende påmeldingen.
Etter at dato for dåpen er stadfesta, kan dykk seinare gå til "Eg vil opne ei registrering", og oppdatere innhaldet med til dømes fadrane. Bruk samme person- og telefonnummer som ved fyrste innlogging.
Om du ikkje finn ein dato som passar ber me deg kontakte oss på epost kyrkjekontoret@tokke.kommune.no eller telefon 350 75 230 slik at me kan sjå om me kan ordne det.